Visit Bø Bø Sommarland Lifjell

Sønstebø

Sønstebø ligg fint til på nordsida av Bø-elva. Dersom de går «gjennom åkeren» finn de ein liten badeplass nede ved elva. Ønsker ein meir strandliv, kan ein sykle ca 3 kilometer til «Hengebrua». Her er fin sandstrand og ein kan hoppe frå brua. Det er mogeleg å låne syklar både for store og små.

 

Det er og mogeleg å låne kano og padle på Bøelva. Her kan ein sjå ulike fuglar og bever. Ein kan også fiske i elva. Det er fine merka turstiar i gangavstand frå huset. Herifrå kan ein nå ulike turmål og ein kan gå heilt til Lifjell om ønskeleg.

Gardstunet har ei lang historie, og inneheld 5 bygningar. Det eldste stabbuet er frå 1626. Her er det mogeleg å overnatte om ein skulle ønske å drøyme seg tilbake til stølslivet. I eldhuset er det steinovn, og det er mogeleg å fyre han opp og bake brød eller steike pizza etter nærare avtale med oss.

Hønsehuset på 32 m2 er omgjort til overnattingsstad for dykk, og er totalrenovera våren 2018. Her er nytt bad med varmekablar, soverom med komfortabel dobbeltseng og stue/kjøkken kor sofaen enkelt vert dobbeltseng. Platting blir bygd i løpet av våren 2018 slik at ein kan ete frokost og nyte lune sommarkveldar ute. Det er bålpanne tilgjengeleg dersom ein vil grille, trampoline og stor plen å leike på. Det er TV og trådlaust internett. Det er mogeleg å låne barneseng/barnestol.

To kjelne katter, kanin og høner finst også på garden.

Antall senger: 4 + fire i stabburet

Aktiviteter: Bading, padling, fisking, leik/ballspel på plenen, trampoline, grilling, baking.

Dyr: 2 katter, kanin og høner.

Fasiliteter: Vaskemaskin, oppvaskmaskin, tørkestativ, komfyr, TV, internett, dusj, bad med varmekablar, kjøleskap, frysar, kaffetraktar, vatnkokar, fullt utstyrt kjøkken.

Avstander: Bø Sommarland 5,6 km, Badeplass 200m/3km, Klatreparken Høyt og Lavt 4,7 km, Bø sentrum (butikkar, jernbane -og rutebilstasjon) 4,8 km, Lifjell (turområde) 5,4 km, Norsjø kabelpark med wakeboard-bane 19 km.

Pris: 800,- pr. døgn. Vask: 500,- Sengtøy: 100,- pr. sett. Tillegg for stabbur: 500,-

Sesong: 15. juni - 15. august.

Vertskap: Jorunn Moen, Eivind (11 år) og Gunhild (8 år).

Telefon: 977 49 929.

Epost: sonstebogard@gmail.com

Adresse: Vreimsida 225, 3803 Bø i Telemark.

Kontaktinfo

Jorunn Moen

Tlf: 977 49 929

epost: sonstebogard@gmail.com

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.