Visit Bø Bø Sommarland Lifjell

Staurheim

På Staurheim bur du i eit særprega gardsmiljø med eit stort flott firkanttun. Staurheim var i si tid ein av storgardane i Bø. Det er det tidlegare Ysteriet og Eldhuset som er restaurerte og sette i stand til feriehus.

Her er det god plass både til leik, kos med dyr, aktivitetar og avslapping. Staurheim ligg bare 2 km frå Bø sentrum med butikkar og restaurantar.  For å kome til sentrum kan ein gå gangvegen eller ein kan gå snarvegen, ein triveleg spasertur på sti langs jordekanten. Det er gode turmuligheter i skog, på veg, eller 20 min kjøring til fjells. I skogen, like ved gården, finst eit område med gravhaugar og andre kulturminne frå vikingtida.  Kulturminna ligg ved merka sti og er lette å sjå i landskapet.

Aktiviteter:Kose med dyra, hente egg i hønsehuset, skogsturer i nærområdet, bordtennis, snekkerverkstad, trampoline, leikestue, huskestativ, sommeraktivitetar (fotball, badminton, kubbspill, krokket, frisbee med meir), bålpanne.

Dyr:Hestar (me tilbyr dessverre ikkje riding), hunder, høner, kaniner og katt.

Avstander: Bø Sommarland -7 km, Bø sentrum/butikker- 2 km, badeplass-7 km.

Vertskap: Gunleik Smedstad, Ingrid Thorseth, Anders (20), Elise (16) og Håvard (13)

Sesong: 20. juni - 11. august

Telefon: 915 75 632 / 980 68 668.

Epost: ingrid.thorseth@nenett.no

Adresse: Roevegen 52, 3803 Bø i Telemark.

Kontaktinfo

Ingrid Thorseth

Tlf: 980 68 668.

E-post: ingrid.thorseth@nenett.no

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.