Visit Bø Bø Sommarland Lifjell

Om oss

Bø Gardsturisme er ein samanslutning av 10 gardar i Bø og midt-Telemark som ønskjer gjester velkomne til å bu på garden - i kortare eller lengre tid. 
På dei fleste gardane bur du i eit av husa på sjølve gardstunet. Kvar feriebustad har gode uteområde med hagemøblar og grill, og plass nok til leik og moro for aktive ungar med sandkasse, huske og andre leikeapparat.
Alle gardane er i drift. På mange av gardane får du oppleve eit aktivt husdyrhald. Dei fleste har kjæledyr som lam, kaniner, kattungar og høner. Fleire av gardane tilbyr barneridning i tunet. Kort veg til gode turterreng i skog og mark med eit rikt dyre- og fugleliv. Mange fine bade- og fiskeplassar i elvar og vatn. Nokre av gardane har kano eller robåt til disposisjon.
Det gir ei spesiell atmosfære å bu i eit stabbur frå 1700-talet, eller i eit gamalt sjarmerande eldhus. Nokre av husa har kroneseng, langbord og framskap i god telemarkstradisjon. Dersom du likar betre moderne hus, kan vi også tilby det. Vi har hus med plass fra 4 til 8 personar.

Developed by Aplia - Powered by eZ Publish and tellUsPersonvern

Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.