På Staurheim bur du i eit særprega gardsmiljø med eit stort flott firkanttun. Staurheim var i si tid ein av storgardane i Bø. Det er det tidlegare Ysteriet og Eldhuset som er restaurerte og sette i stand til feriehus.
Her er det god plass både til leik, kos med dyr, aktivitetar og avslapping. Staurheim ligg bare 2 km frå Bø sentrum med butikkar og restaurantar. For å kome til sentrum kan ein gå gangvegen eller ein kan gå snarvegen, ein triveleg spasertur på sti langs jordekanten. Det er gode turmuligheter i skog, på veg, eller 20 min kjøring til fjells. I skogen, like ved gården, finst eit område med gravhaugar og andre kulturminne frå vikingtida. Kulturminna ligg ved merka sti og er lette å sjå i landskapet.
Aktiviteter:Kose med dyra, hente egg i hønsehuset, skogsturer i nærområdet, bordtennis, snekkerverkstad, trampoline, leikestue, huskestativ, sommeraktivitetar (fotball, badminton, kubbspill, krokket, frisbee med meir), bålpanne.
Dyr:Hestar (me tilbyr dessverre ikkje riding), hunder, høner, kaniner og katt.
Avstander: Bø Sommarland -7 km, Bø sentrum/butikker- 2 km, badeplass-7 km.
Vertskap: Gunleik Smedstad, Ingrid Thorseth, Anders (23), Elise (19) og Håvard (16)
Sesong: 21. juni - 18. august
Telefon: 915 75 632 / 980 68 668.
Epost: ingrid.thorseth@nenett.no
Adresse: Roevegen 52, 3803 Bø i Telemark.
Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.